Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kroppsøving

Læreplan i Kroppsøving (Klikk her for hele dokumentet)

Kroppsøving er eit sentralt fag for å stimulere til livslang bevegelsesglede og til ein fysisk aktiv livsstil ut frå eigne føresetnader. Faget skal bidra til at elevane lærer, sansar, opplever og skaper med kroppen. Gjennom bevegelsesaktivitet og naturferdsel saman med andre fremjer kroppsøving samarbeid, forståing og respekt for kvarandre. Faget skal bidra til at elevane utvikler kompetanse om trening, livsstil og helse og erfarer kva eigen innsats har å seie for å oppnå mål. Innsatsen til elevane er derfor ein del av kompetansen i kroppsøving. Faget skal motivere elevane til å halde ved like ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil etter avslutta skulegang og i framtidig arbeidsliv.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Kroppsøving skal bidra til å gi elevane høve til å praktisere og reflektere over samspel, medverknad, likestilling og likeverd. I kroppsøving skal elevane løyse utfordringar og oppgåver i eit mangfaldig læringsfellesskap. Faget skal òg utfordre motet deira til å tøye eigne grenser. Leik, friluftsliv, symjing, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar er ein del av den felles danninga og identitetsskapinga i samfunnet. Kroppsøving tek vare på tradisjonell bevegelsesaktivitet i samfunnet, men stimulerer òg til eksperimentering og kreativ utfalding i alternative bevegelsesformer. Kroppsøving fremjar kritisk tenking omkring kroppsideal som kan påverke sjølvkjensle, helse, trening og livsstil. Uteaktivitet og naturferdsel gir grunnlag for naturglede, respekt for naturen og miljømedvit.

I vår lokale tradisjon og kultur har dans liten/ingen plass og er for mange et samvittighetsspørsmål. Dans skal derfor ikke brukes i undervisningen. I stedet for dans vil skolen legge vekt på bevegelsesaktiviteter med eller uten egnet musikk.

Med bevegelsesaktiviteter skal elevene utvikle motorikk og sanseapparater igjennom aktiviteter som ivaretar at elevene må bevege seg blant annet gjennom sang og musikk. I tillegg skal elevene tilnærme seg og lære om andre kulturer gjennom deres tradisjoner med å se og lytte til sang og dans.